bavaria-600eiken-hytterhallbjonnsekken

SNØDYBDE NÅ: 
140 cm pr. 02. april

loypeknapp


Vær en god Bjørnevenn og del dine førerapporter på vår Facebookside.

salitlogo-ny-jpg

taraldPå vår Facebookside kom dette innlegget fra en Bjørnevenn:

Godt nyttår.
Det kunne vært interessant å fått ordfører Myrum på banen når det gjelder utviklingen på Bjørnevatn i det nye året. Strøm? Hører Agder Energi skal legge strøm inn til den nye nødnettmasta i Osen.
Skiløyper? Hvordan er det mulig at to grunneiere år etter år kan blokkere løypekjøring i Kyreli?

 

Det ble tidligere sagt at ekspropiering kunne være aktuelt.Bruker Valle kommune all sin energi og penger i Brokke for å redde et anlegg somm ikke klarer seg uten kommunens subsidiering?
Jeg tror at hvis Valle kommune var villig til å satse litt mer på Bjørnevatn ville det føre til økt tomtesalg,mer aktivitet og etterhvert også større inntekter til kommunen.Vi har jo naturområder her som etter min mening langt overgår det man finner i Brokke.
Ser fram til å få ordføreren på banen.

 

Vi sendte dette over til ordføreren og fikk omgående svar:

 

 

Hei og Godt Nyttår!

Takk for innspelet.

Me har starta på eit arbeid med tanke på Bjørnevatn sjølv om krisesakene i 2012 har fått mykje merksemd. Det som er gjort i 2012 er fylgjande:

  1. Underteikna tok initiativet til at Bjørnevatn og kom med på GPS-sporingssystemet Skisporet.no. Her var det berre Brokke som hadde søkt. Dette vart svært vellukka då folk fekk mindre bomturar. Legg opp til same opplegget i år.
  2. Har halde saka vedkomande straum varm saman med styreleiar i Valle Infrastruktur, Frode Buen. Fylgjande har skjedd:
    1. Har etablert kontakt med ny «ansvarleg» i Agder Energi. Han heiter Svein-Erik Rustad. Me hadde møte med han 19.09 og gjekk gjennom saka. Det er meininga at han skal gå gjennom saka på nytt og vurdere potensialet for gjennomføring.
    2. Me vart kjend med at det var søkt som løyve til etablering av naudnettmast ved Osen. Her hadde tiltakshavarane undersøkt grunnlaget for straumtilførsel frå både aust og vest. Her hadde einAgder Energi tatt ei svært avvisande holdning ved å frårå ei straumløysing. Då me vart klar over dette, sytte me for at Rustad i Agder Energi vart kjent med saka og fylgjer opp den.
    3. I samband med handsaming av budsjett for 2013, auka me tilskot til løypekøyring med kr. 60.000 fordelt med kr. 30.000 på Brokke og kr. 30.000 på Bjørnevatn. Dette skal gjeve grunnlag for ein betre økonomi i løypelaget.

No starter me arbeidet med ny kommuneplan for Valle kommune. Då vil me gjerne ha ein aktiv prosess i høve til Bjørnevatn. Det gjeld både overordna utvikling og delplan for løyper. Ser fram til ein dialog her.

Eg meiner at me og burde profilere reiselivstilboda i Valle kommune på ein betre måte. Det kan vere gjennom annonsering og annan opplysningsverksemd. I så måte har me eit problem i Bjørnevatn. Ein tykkjest ikkje ha nokon samordna grunneigarorganisasjon som me kan halde kontakt med. Dykkar nettside er svært interessant og god og har sin funksjon, men me manglar aktørar som me kan samhandle med.  Kan ein få til noko på den fronten som eit fyrste steg?

Ser fram til eit aktivt samarbeid framover.

Med helsing

Tarald Myrum | Ordførar

 

 

 


                 salit-webdesignVi leverer websider til ditt firma bygd med verdens mest brukervennlige og populære verktøy: JOOMLA.   salit-webdesign

Webdesign ©Salit