bavaria-600eiken-hytterhallbjonnsekken

SNØDYBDE NÅ: 
160 cm pr. 4. feb.

loypeknapp


Vær en god Bjørnevenn og del dine førerapporter på vår Facebookside.

salitlogo-ny-jpg

Interessert i kommunale saker som angår for eksempel løyper og reguleringsplaner?
(Vår detektiv innen kommunale saker har oversendt følgende:)

Her finner du saksfremlegget til formannskapet

Kopi:

Rammeverk utbyggingsavtaler for reguleringsplanar/utbygging i

Bjørnevassområdet- F1, F2 og F3

Rådmannen tilrår:

1)Valle kommune tek på seg ansvaret for å sikre grunn til løyper og å forskottere det avtalte eingongsbeløpet.

2) Valle kommune skal gjennom utbyggingsavtalene kreve inn kapital til å dekke det forskotterte eingongsbeløpet, opparbeidinga og driftinga av løypenettet- dette i prioritert rekkefølgje.

Valle kommune tek ikkje på seg det økonomiske ansvaret for løypekøyringa-

3) Dersom det er regulert inn areal til offentleg parkering, kjøper Valle kommune naudsynte parkeringsrettar og dekker høvesvise driftskostnader

4) Valle kommune skal gjennom utbyggingsavtalene sikre seg rett til framføring av straum/fiber.

5) Valle kommune tek ikkje korkje praktisk eller økonomisk ansvar for opparbeiding eller vedlikehald av løypene.

Saksutgreiing:

1. Bakgrunn for saka

I kommunestyremøte 26/3 2008 vart kommunedelplanen for området vedteken, sjå vedlegg; i kommunestyremøte 25/3 2009 vart det vedteke prinsipp for utbyggingsavtaler.

2. Kva for verknader har denne saka for utviklinga av Valle kommune?

Ei god utvikling av Bjørnevassområdet vil ha ein monaleg samfunnsøkonomisk og bedriftsøkonomisk verknad for lokalsamfunnet og lokale verksemder.

Utforminga av kommunedelplanen er tufta på prinsippet om berekraftig utvikling.

3. Tilhøvet til gjeldande planar og lovverk Kommunedelplanen med løypeplaner godkjent og det ligg ikkje føre motsegn.

4. Vurderingar

I mars 2009 vart det signalisert behov for ein ny gjennomgong av rammeverket for utbyggingsavtaler i Valle kommune. Det har det ikkje vore kapasitet til å gjere. Av di det er ønskjeleg å kome igong med utbyggingsavtaler i Bjørnevatn, ber rådmannen om ei politisk avklåring av dei forpliktingane Valle kommune skal take på seg. Dette er naudsynt av omsyn til dei vidare forhandlingane med grunneigarane.

Rådmannen viser til vedlegg som syner dei økonomiske vurderingane; desse er ikkje gjort på eit fullgodt grunnlag.

Valle kommunes økonomiske risiko skal vere avgrensa til forskotteringa av eingongsleiga for løypenettet. Rådmannen kan pr i dag ikkje kome med ei vurdering av den samla storleiken på forskotteringa av di det må avklårast gjennom drøftingar.

Rådmannen viser til vedlagte utkast til avtale om løyper. Utkastet er ikkje drøfta med grunneigarane på noverande tidspunkt.

Valle, den 01.03.2011

Arne Tronsen

 

Vedtatt i kommunestyret 27.04.11:

 

PS 39/11 Rammeverk utbyggingsavtaler for reguleringsplanar/utbygging i Bjørnevassområdet- F1, F2 og F3 Saksprotokoll i Formannskapet - 06.04.2011

Handsaming:

Olav Hovet bed formannskapet vurdere om han er ugild. Årsak: bror til grunneigar i området.

Røysting: Samrøystes vedteke at Olav Hovet er gild. Dette er ei overordna prinsippsak.

Framlegg frå formannskapet:

Nytt punkt nr. 1: Kommunestyret legg til grunn den vedtekne prinsipputforminga for utbyggingsavtalane.

2) Valle kommune skal gjennom utbyggingsavtalene sikre seg rett til framføring av straum/fiber.

3) Valle kommune tek ikkje korkje praktisk eller økonomisk ansvar for opparbeiding eller vedlikehald av løypene

Vedtak:

1) Kommunestyret legg til grunn den vedtekne prinsipputforminga for utbyggingsavtalane

2) Valle kommune skal gjennom utbyggingsavtalene sikre seg rett til framføring av straum/fiber.

3) Valle kommune tek ikkje korkje praktisk eller økonomisk ansvar for opparbeiding eller vedlikehald av løypene Saksprotokoll i Kommunestyret - 27.04.2011

Handsaming:

Gunnhild Lien bed kommunestyret vurdere om ho er ugild, då ho er part i saka.

Røysting: Samrøystes vedteke at Gunnhild Lien er gild.

Formannskapet sitt framlegg vart samrøystes vedteke.

Vedtak:

1) Kommunestyret legg til grunn den vedtekne prinsipputforminga for utbyggingsavtalane.

2) Valle kommune skal gjennom utbyggingsavtalene sikre seg rett til framføring av straum/fiber.

3) Valle kommune tek ikkje korkje praktisk eller økonomisk ansvar for opparbeiding eller vedlikehald av løypene.


Kommenter:

                 salit-webdesignVi leverer websider til ditt firma bygd med verdens mest brukervennlige og populære verktøy: JOOMLA.   salit-webdesign

Webdesign ©Salit